”Gripande historier og sterke stemmer” er overskrifta for årets
musikkfest i Gloppen. På programmet står åtte konsertar – og
opningskonserten er via til markering av Grieg-året. Her framfører Det
Norske Solistkor – eitt av Grieg Force-ensembla – Griegs ”4 salmer”,
samt eit eit nytt verk av Ola Gjeilo. ”Det som kjenneteiknar årets
artistar er at dei har noko på hjartet; dei har noko dei vil seie –
eller syngje” skriv festivalsjef Are Frode Søholt i programomtalen.
Av Ida Habbestad
- Musikk-Huset Forlag har bestilt verket av Gjeilo, og dirigenten i solistkoret,
Grete Pedersen, foreslo å urframføra verket under Gloppen Musikkfest, fortel festivalsjef
Are Frode Søholt om det nye verket som vert urframført torsdag.
Søholt er til dagleg prosjektkoordinator i Grieg 07, og er dermed godt kjend
med Grieg 07 sin ambisjon om ikkje berre å vidareføra Grieg-arva, men òg å sidestilla
den med nyare uttrykk. At det i utgangspunktet ikkje er nokon direkte musikalsk
linje mellom Gjeilo og Grieg, er ikkje til hinder, meiner Søholt:
- Gjeilo er kanskje ikkje så influert av Griegs musikk, men etter at eg fortalde
om Grieg 07 sin tredelte profil - Humanisten, Komponisten og Samplaren Grieg -
vart han særleg inspirert av Humanisten Grieg. Ola Gjeilo viser eit samfunnsmessig
engasjement i sitt virke, seier Søholt.
Dømevis held han fram tekstvalet Gjeilo har gjort. I verket nyttar han diktet
”Reconciliation” av Walt Whitman. Søholt gjengjev diktet - som har fått tittelen
"Forsoning” - i Knut Narvesen si omsetjing:
Ord over alle, vakkert som himmelen,
Ord som sier at krig og alle dens blodsdåder må bli helt borte en gang.
At Døden og Natten, de to søstrene, ustanselig vasker, igjen og igjen
denne tilskitnede verdenen med sine myke hender;
For min fiende er død, en mann guddommelig som meg selv er død,
Jeg ser ham ligge i kisten, stille, med hvitt ansikt – jeg går frem til ham,
Bøyer meg ned og rører det hvite ansiktet i kisten lett med leppene.
Stemma som utgangspunkt
Med dette er ein altså inne i det som er tema for Gloppen musikkfest dette året.
”Vi har invitert musikarar og songarar som bruker stemma for å uttrykke noko
som både er vakkert – men også noko som kanskje stikk djupare enn det vakre. Menneska
har behov for – og rett – til å uttrykkje seg, og stemma er her eit instrument.
Det som kjenneteiknar årets artistar er at dei har noko på hjartet; dei har noko
dei vil seie – eller syngje” skriv Søholt i programomtalen.
Søholt utdjupar:
- Utgangspunktet for temaet har rett og slett ein praktisk årsak. Vi mangler
eit godt konsertflygel på Sandane – musikkterapistudiet eigde det einaste brukande
flygelet, og dei flytta i fjor frå Sandane til Bergen. I påvente av instrumentet
som kjem i det nye kulturhuset neste år, måtte vi lage ein festival utan piano.
Difor tenkte eg kor, forklarer han.
- Dessutan hadde eg ein avtale med songaren og dirigenten Peter Schreier om å
lage eit meisterkurs om solistpartia frå Johannespasjonen. Det la grunnlaget for
ein festival som ville ha eit vokalt preg. Dessutan har eg lenge ønskt å invitere
Unni Løvlid, som jo kjem frå Nordfjord, og har gått på musikklina på Sandane.
Ho opptrer både som folkesongar, men også som solist på det fantastiske verket
av Schönberg ”Pierrot Lunaire”.
Temaet vert òg reflektert gjennom dei andre konsertane under festivalen. Fredag
kveld vert den aller første konserten i flyhangaren på Sandane arrangert. Sandensaren
Kjetil Almenning, som studerer kordireksjon i Stockholm, har med seg fire kollegaer
frå NMH og Det Norske Solistkor, som framfører fargerike tonemåleri frå 1500-talet.
Laurdag framførast barneoperaen “Chip og hunden” av den italienske komponisten
Gian Carlo Menotti, og same dag kjem Kristin Asbjørnsen for å halda spiritualskonsert.
Vitnesbyrd og meditasjonar
- Gripande historier og sterke stemmer; på kva måte meiner du dette er tydeleg
i markeringa av Grieg?
- Omgrepet "stemmer" har to tydingar, svarer Søholt.
- For det første viser det til det vokale. Og det vokale har hovudfokus under
årets festival. Vidare viser det til "å ha noko på hjartet" - eller det å ytre
noko.
- Og Grieg var ein person som hadde noko på hjartet. Han lagde ikkje berre fine
lyriske stykker, men han engasjerte seg i samfunnsspørmsål, ytringsfridom og kamp
for fred. Salmane er også eit sterkt vitnesbyrd om ein moden kunstnar som vil
seie noko om ei religiøs lengt, eller om livet og døden, om ein vil.
- Ein paralell til dette er Kristin Asbjørnsen sine inderlege versjonar av nordamerikanske
spirituals, og Bach sitt retoriske og sterke framstilling av Jesu liding og død.
Gjeilo sitt verk fell òg naturleg inn her, seier Søholt – som avsluttar med å
visa til det Gjeilo sjølv har skrive om verket sitt:
”Mens eg skriv dette er det nokre øydeleggjande krigar i verda, og tilsynelatande
uløyselege konfliktar skapar ei kjensle av utrygge og stygge valdshandlingar.
Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt, det har følgt menneskja gjennom historia.
Nye krigar vil herje dei komande åra, og Walt Whitmans vakre dikt, ”Reconciliation”
stiller seg til krig på ein medlidande måte, og viser til det guddommelege hos
menneskja og fridomen i tilgjeving og forsoning. Dette stykket er meint å vere
ein meditasjon over alle som har omkome og lidd i krigar og i konfliktar.”
Cellisten Audun Sandvik er solist under urframføringa.
Meir informasjon om dei enkelte konsertane finn du her.
Programmet for Gloppen Musikkfest 2007 er som følgjer:
TORSDAG 9. AUGUST // KL. 19.30 // AULAEN, FIRDA VGS
Grieg og Det Norske Solistkor
Dirigent: Grete Pedersen
Cello: Audun Sandvik
FREDAG 10. AUGUST // KL 19.00 // NORDFJORD FOLKEMUSEUM
Pierrot Lunaire med Unni Løvlid
Innleiing ved professor Olav Anton Thommessen
FREDAG 10. AUGUST // KL. 22.00 // FLYHANGAREN PÅ ELVANESET
Flyhangarkonsert
Harald Bakkeby Moe (kontratenor), Kjetil Almenning (tenor), Oddgeir Kjetilstad (tenor), Halvor Festervoll Melien
(baryton), Daniel Oskar Danilesson (bass)
LAURDAG 11. AUGUST // KL. 14.00 // AULAEN, FIRDA VGS
Chip og hunden - familieopera
LAURDAG 11. AUGUST // KL. 20.00 // BREIM KYRKJE
Kristin Asbjørnsen - Spirituals
LAURDAG 11. AUGUST // KL. 22.00 // HAGETELT, GLOPPEN HOTELL
Stand up Opera!
Opplev festivaldeltakarane i fri dressur i hageteltet til Gloppen hotell! I ein
uhøgtidleg atmosfære kan du få høyre kjende ariar medan du hyggar deg med gode
vener og gjerne noko godt å drikke!
SØNDAG 12. AUGUST // KL. 18.00 // VEREIDE KYRKJE
Johannespasjonen av Bach med Peter Schreier som dirigent.
Kor med songarar frå Det Norske Solistkor og Griegakademiet, festivalorkester,
solistar frå meisterkurs med Peter Schreier.
SØNDAG 12. AUGUST // KL. 21.30 // KJELLAREN, GLOPPEN HOTELL
Kammerpub med klaverkvintett
Anders Nilsson (fiolin), Ida Bryhn (bratsj), Audun Sandvik (cello), Kristian
Lindberg( piano)
|